Folkemøte på Dalsfjord skule

Torsdag 10. januar kl. 18.00 skal det vere nytt folkemøte for å orientere innbyggjarar om arbeidet med å byggje nye Volda kommune.

Klikk for stort bilete 

Dette folkemøtet vil bli lagt til Dalsfjord skule, i auditoriet, der oppstart vert klokka 18.00.

Alle som har ønske om å delta på dette møtet er velkomne!

 

Møte i Fellesnemnda

 

Torsdag 10. januar skal det også vere møte i Fellesnemnda for nye Volda på Ulvestad skule på Lauvstad. 

Til dette møtet er nytt ordførarkjede, justering av helseforetaksgrense og regulering av bispedømegrense mellom Møre og Bjørgvin ført opp som vedtakssaker.

I tillegg er det sett opp fem orienteringssaker.

Heile sakliste til møtet finn du her: Møteinnkalling

 

Møte i Fellesnemnda

Stad: Ulvestad skule på Lauvstad

Klokka: 15.00

Folkemøte:

Stad: Dalsfjord skule

Klokka: 18.00