Forbetring av dei trafikale tilhøva kring Bratteberg skule

Parkeringsplass på Bratteberg skule  - Klikk for stort bilete 

Grunna arbeid med nye skulemodular, har det vore krevjande trafikale tilhøve kring Bratteberg skule den siste tida.

Innkøyringa sør for skulen har vore stengd, og det har gitt utfordringar nord for skulen.

Det er no gjennomført eitt tiltak som vonleg skal lette litt på trykket ved at det er etablert inn- og utkøyring på parkeringsplassen.

På kort tid har sektor for samfunnsutvikling stelt i stand utkøyring, som vil gjere tilhøva tryggare.

I rådmannen sitt forslag til investeringsbudsjett for 2020 er det i tillegg lagt inn midlar til å utbetre parkeringstilhøva og tilkomst sør for skulen.

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
oppvekstsjef
E-post
Mobil 905 36 757