Forbod mot bålbrenning 15. april til 15. september

Klikk for stort bileteAlle må være forsiktige ved bruk av eld og ein må ta førehandsreglar for å redusere faren for brann

Aukande fare for brann i vegetasjon

I perioden april til september er den tida på året det oftast oppstår gras og lyngbrann. Bakken tørkar opp og det skal lite til før det tek fyr i tørt gras og anna vegetasjon. Det er generelt forbod mot bålbrenning 15. april til 15. september i og i nærleiken av skog og utmark.

No når det blir varmare i været tørkar vegetasjonen raskt opp og det skal lite til for å starte ein brann seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda brann og redning.

Grilling
Statistikken viser at bålbrenning og grilling er årsaken til 9 av 10 brannar i skog og utmark.

Sjølv om det er bålforbod er det lov å tenne opp bål der det openbart ikkje kan føre til brann. Det vil ikkje være forsvarleg å gjere opp bål i eller i nærleiken av skog og mark før det kjem ei skikkeleg rotbløyte, ei lita regnskur vil tørke raskt opp. Det vil være lov å grille i innmark om ein er aktsam og tek sine førehandsreglar, som til dømes hagegrilling.

Oppmodar om aktsemd

Alle må være forsiktige ved bruk av eld og ein må ta førehandsreglar for å redusere faren for brann. Den som gjer opp eld må ha tilgang til sløkkemiddel for å avgrense skadane dersom det oppstår brann. Oppgjort eld skal ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt, det er den som gjer opp elden som er ansvarleg heilt fram til bålet er sløkt. Særleg ved bruk av eingongsgrill må ein være særleg påpasseleg då den er varm i lang tid.

Dersom det likevel skulle oppstå brann så er det viktig å varsle brannvernet så raskt som råd på tlf. 110, seier Ekroll.