Førebuing til snøbrøyting

I Volda kommune registrerer vi at fleire sender inn klager på bilar som har parkert uløyves.

Feilparkerte bilar 1 - Klikk for stort bilete

Vi går og mot vinter, med snøbrøyting og behov for tilkomst til alle vegar og areal som skal ryddast for snø.


Volda kommune oppmodar alle som bur i Volda til å respektere eksisterande skilt og vegtrafikklova.
Ein minner også om at det ikkje er lov å parkere på fortau, eller gang/sykkelveg.
Dersom ein ikkje held seg til gjeldande retningsliner, vil politiet verte varsla og truleg vert bilen fjerna for eigars rekning.

Vi har alle våre behov for å fungere godt i kvardagen. Skal vi få til det, må kvar og ein ta ansvar for sitt køyrety og følgje dei retningsliner som gjeld.


Dette gjeld både respekt for skilting og køyremønster generelt, men og respekt for kven fortau, gang/sykkelveg er meint for.