Foreldrebetaling i barnehage og SFO

Klikk for stort bilete

Regjeringa har vedteke at foreldre som har barn i barnehage eller SFO skal betale for tilbod dei mottek etter 14. april. Dette er nedfelt i eiga forskrift.

Forskrifta slår fast at det skal krevjast ordinær betaling uavhengig av omfanget av tilbodet som vert gitt.

Det vert kravd betaling for barnehageplass frå 21. april (20. april Austefjord) og frå 27. april SFO.

Foreldre som har motteke tilbod om tilsyn i perioden 14. april fram til opning av kommunale barnehagar 21. april (20. april Austefjord) og SFO 27.04, skal betale for plassen på vanleg måte for dette tidsromet.

Føresette som vel ikkje å bruke plassen i barnehage eller SFO, må betale for tilbodet. Dette gjeld også frå 21. april (20. april) for barnehage og 27.04 for SFO.

  • Det vert med det første sendt ut faktura for mars og april. På fakturaen vil det stå ½ sats for mars og kr. 0,- for april.
  • Dei som har faste trekk og på den måten betalt heil sats for mars, får dette godskrive.
  • Betaling for perioden 14. april – 30. april vert lagt på fakturaen for mai.