Forseinka fakturering i januar

Klikk for stort biletePå grunn av kommunesamanslåinga, med både ny kommune og nytt firma, vert fakturering i januar noko forseinka.

Dette gjeld i hovudsak abonnement som t.d. husleige, barnehage, SFO og helse/omsorg.

Forseinkinga gir ingen andre konsekvensar for deg enn at det kan verte tettare forfall for januar og februar.

Dersom forseinkinga skulle drøye lenge, kan det eventuelt verte aktuelt å utsetje forfallet i februar.