Forslag til tiltak for å få redusert stamma

Klikk for stort bileteDei siste åra har hjortestamma hatt ei stor auke i Ørsta og Volda.

Det vert sett nye fellingsrekordar, til saman 1813 felte hjort i Volda og Ørsta i 2019. Mange gardbrukarar slit med store beiteskader på dyrkamark og ungskogen. Dei siste hjorteteljingane utført 18.april og 2.mai. 2020 var rekordhøge. Ein stor hjortestamme er også uheldig då kroppsvekt og kondisjon på hjorten går ned, og faren for sjukdomsspreiing aukar. Dei kommunale bestandsmåla har som målsetjing å redusere hjortestamma, men dette har vi ikkje lukkast med.

Hjorteviltansvarlege i Volda og Ørsta meiner difor at det no må innførast tiltak for å få kontroll på hjortestamma.  

Hjorteforskar Erling Meisingset frå NIBIO, råda på hjortemøte i Ørsta i 2018 kommunane til å felle meir hjort, og særleg koller (meir ein 30 %). Trass at kommunen har endra minstearealet (i Volda) og tildelt fleire løyve, held hjortebestanden fram med å auke. Viltansvarleg i Volda har hatt fersk dialog med Meisingset om dette, og rådet hans er ei høg avskyting nokre år framover for å dempe veksten.

Forslaget til politiske vedtak i Ørsta og Volda frå viltansvarlege vil for 2020 vere at alle vald som har meir enn 50 % fellingsprosent i 2019, får auka kvotene med 30 % dersom dette ikkje betyr at valda går under 200 dekar/løyve som er det meste kommunane kan fråvike minstearealet med. Minstearealet i begge kommunane er 400 da. Dei ekstra løyva vil, viss dei vert vedtekne, gjelde for 2020. Etter avtale med Volda og Ørsta ettersøksring og hjorten ettersøkslag, vil valda berre betale ekstra hundeavgift for dei dyra som dei feller over normal tildeling, og ikkje for dei ekstra løyva som kommunen tildeler. I 2021 får ein ev. ta ei ny vurdering på om desse tiltaka skal vidareførast. For å stimulere til eit høgare uttak av kalv, vil viltansvarlege også fremje forslag om at alle vald får fritak for fellingsavgift på kalv i 2020. Dette for å redusere rekrutteringa til bestanden.  

Dette vert sendt som førebels orientering til valdansvarlege. Saker om fellingsløyve til vilt- og innlandsfiskeutvalet i Ørsta og tenesteutval for forvaltning og utvikling i Volda, vert sendt til handsaming i møte i juni.

Kontakt

Liv Bente Viddal
Seksjonsleiar kultur og landbruk
E-post
Telefon 907 04 008
Peder Magnussen
Fagansvarleg skogbruk
E-post
Telefon 452 82 680