Forsterka smittevernråd til deg som er på besøk i Volda

Påskekylling med munnbind - Klikk for stort bilete Pixabay.com

Om du skal på besøk til Volda ber vi om at du praktiserer smitteverntiltaka som gjeld der du kjem frå.

Regjeringa har sett i verk strenge smittevernreglar og råd for store deler av sentrale austland og ei rekkje andre regionar i landet. Ålesund og kringliggande kommunar har innnført eigne forskrifter og forsterka smittevernråd frå 21.03.21, er det rett med ei presisering av kva dette fører til for dei som besøker Volda. 

Regjeringa understrekar at når du er på reise skal du følgje dei smittevernreglar og råd i den kommunen du bur i, dersom dei reglane er strengare enn dit du reiser til.

Dette har konsekvensar for deg som kjem frå kommunar med strengare reglar enn i Volda. 

Du vert oppmoda om:

  • Ikkje besøk badeland, treningssenter eller idrettshallar
  • Ikkje gå på kino, teater, konsertar eller andre kulturarrangement, gudstenester eller møter osv. 
  • Ikkje gå på restaurant eller serveringsstadar med skjenkeløyve
  • Bruk munnbind når du ikkje kan oppretthalde avstandskravet på 1 meter i det offentlege rom eller offentleg transport og taxi.

Set deg godt inn i reglane som gjeld for di kommune og følg dei. 

Vi oppmodar deg om dette for å førebygge utbrot av smitte i kommunen.

Følg alltid dei strengaste råda

Du bør unngå all unødig reise. Dersom du reiser mellom kommunar bør du følge reglane til den kommunen som har dei strengaste reglane og råda. Reiser du frå Ålesund eller Oslo, så bør du følgje råda som gjeld i desse kommunane, også under opphald i Volda.

Studentar

Studentar som bur annan stad i landet, og som ikkje har nettverk der dei oppheld seg, kan reise heim til påske. Det vert vurdert som nødvendig reise. Tilreisande bør følge reglane og råda som gjeld der dei kjem tilreisande frå. Dei første dagane bør dei også passe på å halde tal på nærkontaktar lågt og vere ekstra nøye med smittevernreglane.