Framlegg til namn på veg i Løvland bustadfelt 

Klikk for stort bilete

I samband med utbygging av Løvland bustadfelt er det behov for å fastsette offisielt namn på den nye vegen som er bygd i området.

Det nye namnet skal nyttast til adressering av bustadar/bygg i området.

Vegen som skal namnsettast er vist med raud stipla linje på kartet. Ein føresett at det er nok med eitt (1) namn og at sideadressering kan nyttast som prinsipp for adressetildeling for bustader som ligg utanfor hovudløpet av vegen.

Sidan Løvland bustadfelt er nytta som nemning på reguleringsplanen for området, kan ein t.d. nytte Løvland som offisielt vegnamn, men dette kan ikkje gjerast utan å ha gjennomført handsaming etter stadnamnlova.

 

Som oppstart på slik handsaming ber vi om framlegg til namn på vegen og vi ber om at at framlegget vert sendt til kommunen innan 01.03.2021.

Vidare sakshandsaming vil vere slik:

  • Framlegg om namn på den aktuelle vegen vert lagt fram for namnemyndet i kommunen som er tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU). Framlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn/høyring.
  • Når høyringsfristen er ute vert saka lagt fram for TFU til endeleg vedtak.

Send framlegget til:

postmottak@volda.kommune.no eller til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda

Kontakt

Torgeir Stensø
planleggar
E-post
Telefon 70 05 87 55
Mobil 414 87 243