Frist for å søke om barnehageplass 1. mars

Klikk for stort bileteHar du barn som skal i barnehagen må du søke om plass innan 1. mars.

Søke barnehageplass

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten (BankID eller MinSide). Her finn du søknadsskjema for barnehageplass i Volda kommune.

Om du er folkeregistrert i ein annan kommune, ikkje finn barnet ditt i di oversikt når du loggar inn eller ikkje får ID-porten til å fungere, kan du søke om barnehageplass her.

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Kven kan søke om plass?

  • Nye søkarar
  • Alle som ønsker endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

Stadfeste barnehageplass

Ein av foreldre/føresette får ein SMS med tilbod om plass.

Når du har fått tilbod om barnehageplass, må du takke ja eller nei til tilbod om barnehageplass innan svarfristen.

Her er meir informasjon om barnehageplass.

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 911 94 598