Fritidskortet i Volda kommune

Deltakarar på pressekonferanse om Fritidskortet og friskus 050521 - Klikk for stort bilete

No må lag og foreiningar registrere seg på volda.friskus.com! Alt no kan du som har tilbod til barn og unge melde deg på kurs.

Frå 1. august tilbyr Volda det statlege Fritidskortet til alle barn og unge mellom 6-18 år. Fritidskortet i Volda er på kr 1 000 pr. barn pr. halvår, og vil bidra til at alle kan delta på fritidsaktivitetar. Alt no kan lag og organisasjonar og andre aktivitetstilbydarar registrere organisasjonen sin og aktivitetar dei tilbyr.

Andre kommunar som er med i forsøksordninga med Fritidskortet opplever at tidlegare lite aktive barn har funne aktiviteten dei ynskjer å delta i, og at lag og organisasjonar som organiserer tilbod for barn og unge etter kort tid med fritidskortet har opplevd auke i aktiviteten. Volda kommune ynskjer at alle barn og unge i kommunen lett skal kunne finne kva dei kan bruke fritida si til, og dermed velje det dei har mest lyst til.

Fritidskortet i Volda kjem på www.volda.friskus.com

Det vert ein port inn til alt: Volda.friskus.com samlar fritidstilbod, lag/organisasjonar, frivilligoppdrag, kommunale avdelingar, menneske, ein hentar ut Fritidskortet og betalar kontingent. Snakkar om Kinder-egg!

Tida går fort fram mot 1. august når Fritidskortet er klart for bruk for alle busette barn og unge mellom 6 og 18 år i Volda, som då har fått kr 1000 som er øyremerka til å bruke til faste, organiserte fritidsaktivitetar, som dei finn på volda.friskus.com.

Vi oppfordrar alle aktivitetstilbydarar som tilbyr faste, organiserte fritidsaktivitetar om å registrere seg på volda.friskus.com, og legge ut aktivitetane sine i kalenderen alt no.  Fritidskortet utgjer kr 1000 i halvåret; første periode er 01.08-31.12.2021, andre periode er 1.1.-31.07.2022.  Det er dermed svært viktig at det vert lagt til rette for at barn og unge kan betale den årlege medlemskontingenten med Fritidskortet, t.d. ved at den vert delt i to, med betalingsfrist innanfor periodene som nemnd over.

I mai og juni blir det arrangert to workshops for aktivitetstilbydarar, med opplæring i korleis registrere seg som arrangør på volda.friskus.com og knyte arrangørsida opp mot Fritidskortet. Dess fleire som registrerer seg alt no - dess enklare blir det når opplæringa startar. Avhengig av behov set vi opp fleire workshop.

I løpet av 2021 kjem Friskus på nynorsk!

Ofte stilte spørsmål - lag og organisasjonar:

Korleis registrerer eg organisasjonen min på volda.friskus.com?

  • Gå til volda.friskus.com, trykk på “bli arrangør”. Lag ein personleg profil, og fyll inn informasjon og aktivitetar.

Korleis koplar eg Fritidskortet til mitt lag eller organisasjon si gruppe?

  • Det vil kome meir informasjon om dette på workshops, sjå under.  

Korleis legg eg ut ein aktivitet?

  • Etter at gruppa di er godkjend (av Friskus) kan du legge ut aktivitetar. Dette kan du gjere alt no. Bruk søkefeltet på startsida av volda.friskus.com for å finne gruppa di, gå til “kalender”, og vel “opprett ny aktivitet”.

Har du fleire spørsmål om volda.friskus.com?

Sjå heimesida til kommunen om www.volda.kommune.no/fritidskortet, følg oss på Facebook og Instagram, ev. ta kontakt med oss i prosjektgruppa for Fritidskortet i Volda:

Frivilligsentralen Volda: astrid.gjersdal@volda.kommune.no, tlf  917 25 639

Frivilligsentralen Hornindal: kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no, tlf 415 12 813

Folkehelsekoordinator: ulrik.vik.nakken@volda.kommune.no, tlf. 917 29 469

Prosjektleiar: nina.kvalen@volda.kommune.no, tlf. 913 64 787

Tid/stad for workshops

 - for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar, påmelding via aktivitet i volda.friskus.com:

Avhengig av behov set vi opp fleire workshop.