Frivilligåret 2022 - Full fart på Årneset søndag 7. august.

Bilete av volleyball-bane på Årneset i Volda kommune. - Klikk for stort bilete Volda kommune Fleire lag og organisasjonar i Volda har har gått saman for å markere "Vår dag", som er ein del av frivilligåret 2022. 

Så denne dagen bør du vere i Volda, nærmare bestemt på Årneset seier arrangørane som er KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf. Kommunen ved ordførar Sølvi Dimmen er også med.

Dette skjer:

 

Sandvolleyballturnering for aldersgruppa 13-19 år (2004-2008)

7. august er sandvolleyballens dag i heile landet, og vi feirar 1-årsdagen for Noregs første OL-gull i sandvolleyball.

Introduksjon til diskgolf

I regi av diskgolfklubben kan du få opplæring i enkle reglar, og instruksjon og øving på teknikk. Klubben stiller med diskar til utlån og set opp ei midlertidig nybegynnarvenleg bane i nærområdet. Det blir også ei lita oppvisning der konkurranseutøvarar viser både lengdekast og nokre tekniske ferdigheter. Det blir også høve for alle som har lyst til å vere med på ein puttekonkurranse. Dette handlar om å treffe korga frå litt ulike avstandar.
Vil du vere med på diskgolf, møter du berre på Årneset klokka 12.

Ordføraren sin tur med natursti og historier om Elvadalen

Tur for store og små, frå sentrum til Årneset, med Friluftsforeninga Volda i samarbeid med Volda kommune.
Turen startar kl. 12 frå parkeringsplassen bak Halkjelsvik bil. Møt opp litt før.

Grilling av pølser på Årneset

Gratis pølser, drikke og frukt så langt det rekk – til dei som er med på ein av aktivitetane.