Gamal brannbil søkjer omsorg

Brannvernet i Volda har ståande ein gamal Willys brannbil. Bilen er i relativt dårleg stand og treng omsorg frå ein med engasjement for å ta vare på gamle bilar. 

Klikk for stort bilete

Vi ynskjer at bilen vert teke vare på her i bygda og vert ein del av Volda si historie. Den som tek over bilen forpliktar seg til å ta godt vare på den, helst slik at den tid om anna kan bli vist fram i offentlegheita. Bilen vert ikkje gitt vekk med formål om vidaresal. Om det ved eit seinare høve vert aktuelt å kvitte seg med bilen skal kommunen ha førsterett på å ta den tilbake.

Er dette noko for deg, send ein e-post om korleis du tenker å ta vare på bilen til: roy.inge.heltne@volda.kommune.no, innan 26 mars.