Gi barnet ein god start!

Det skal vere nye babysongkurs på Volda kulturskule.

Klikk for stort bilete  

Song gir rom for meiningsfulle augneblinkar og gode opplevingar, og musikalsk samvær skaper glede, nærheit og tryggleik. Før vi lærer å snakke uttrykker vi oss gjennom musikken sitt eige språk med lyd, rytme og rørsle. Forsking viser at musikk fremjer god helse og læring. Songar, rim og regler er viktig for utvikling av språket.

Første kursstart er 28.10.19 og går over 9 måndagar. Timen er frå kl. 12:00 – 12:45. Kurset passar for born under eitt år saman med foreldre/føresett. Vi har også kurs som startar 13.01.20 og 23.03.20

Du kan melde deg på digitalt, eller ta kontakt med kulturskulen, tlf. 908 48 661.

Lenke til påmelding : https://novolda.speedadmin.dk/registration#/