Gladmelding - ingen nye positive prøveresultat i dag

Klikk for stort bileteVolda kommune har fått svar på prøvene som vart teke av nærkontaktene til den koronasmitta personen 12. mai.  

Dei tilsette i Volda kommune som har vore nærkontakter til den koronasmitta har testa negativt. 

Den 12.05.20 vart det testa 30 personar. I går 13.05.20 vart det testa 13 personar. Det er hittil 459 personar som er testa i Volda. Totalt har 6 personar testa positivt til no. Siste positive prøve kom 11. mai. Før det var siste positive prøvresultat 26. mars. Alle dei som tidflegare har testa positivt er meldt friske. Volda har difor berre ein person med påvist koronasmitte.