Gledeleg gjensyn frå festkonserten for ny kommune

Klikk for stort bilete

Vi er så heldige som får ha den flotte kreasjonen som Anne Tykhelle laga til festkonserten for ny kommune ståande på rådhuset.

Den artige kreasjonen er det nye kommunevåpenet i fri form designa i tekstil av Anne Tykhelle på oppdrag frå programleiar Torunn Lødemel Stokkeland. Dette vart altså laga til festkonserten for  ny kommune som var i Propellhallen 11. jaunuar 2020.

For dei som vil mimre litt meir kan kanskje eit gjensyn med programmet for kvelden trekke fram fleire kjekke minner.