Grønt nivå i barnehagar, skular, kulturskulen og vaksenopplæringa

Volda kommune har fått ny barnehageportal med flotte nettsider. Einar Engdal/Grafia Regjeringa har oppheva dei forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivåa som vart innført før jul.

Trafikklysmodellen vil vere gjeldande, og barnehagar og skular skal framleis drive smittevernfagleg forsvarleg, noko som tyder minimum grønt nivå. Kommunane må no gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt, og bestemme kva nivå som skal vere gjeldande lokalt.

 Kommuneoverlegen vurderer situasjonen slik at det ikkje er grunnlag for å vere på gult nivå i Volda kommune. Barnehagar, grunnskular, kulturskule og vaksenopplæringa vert difor drive på grønt nivå frå måndag, 17. januar.

Viss smittesituasjonen skulle endre seg, vil endra tiltaksnivå bli vurdert.

Trafikklysmodellen
GRØNT NIVÅ Tiltak Tiltak
BARNEHAGE: 1. Ingen sjuke skal møte i barnehagen
2. God hygiene og normalt reinhald
3. Kontaktreduserande tiltak: Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming).
Vanleg organisering av avdelingar/grupper og barnehagekvardag.
BARNESKULE 1-7: 1. ingen sjuke skal møte på skulen
2. God hygiene og normalt reinhald
3. Kontaktreduserande tiltak: Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Vanleg organisering av klasser/grupper og skulekvardag.
UNGDOMSSKULE: 1. Ingen sjuke skal møte på skulen
2. God hygiene og normalt reinhald
3. Kontaktreduserande tiltak: Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Vanleg organisering av klasser/grupper og skulekvardag.