Har du behov for ergoterapi, fysioterapi, eller eit hjelpemiddel?

Har du behov for ergoterapi, fysioterapi, eller eit hjelpemiddel?

Eller treng du kanskje råd, veiledning eller oppfølging frå frisklivssentralen eller kvardagsrehabilitering?

Koronapandemien påverkar dessverre også desse tenestetilboda, som sorterer under seksjon førebygging og rehabilitering.

Situasjonen er utfordrande for alle partar, både for tenesteytarane og ikkje minst for dokke som treng tenestene. Mange kan ha ein kjensle av at livet har blitt sett på vent. Samtidig er behovet der i aller høgste grad.

Vi jobbar etter dei nasjonale føringane frå Helsedirektoratet, der målsettinga er å ta vare på dei mest sårbare gjennom å hindre smittespreiing. Samtidig jobbar vi heile tida med å finne alternative løysingar, slik at du på best mogleg måte skal få den hjelpa og råda du treng, trass den situasjonen vi er komen i.

 

Ergoterapitenesta

På omsorgssenteret, omsorgsbustadane og andre kommunale institusjonar er det strenge restriksjonar for besøk og fysisk kontakt, dette for å skjerme bebuarane og dei tilsette. Behov for hjelp frå ergoterapeutane skjer her gjennom eit samarbeid mellom leiar, helsepersonell ved aktuell seksjon, evt. lege og ergoterapeut. Ergoterapeutane er tilgjengelege på telefon og videokonsultasjon for å gi råd og rettleiing.

Til heimebuande skjer oppfølginga primært via telefonkontakt og videokonsultasjonar. Det er eit tett samarbeid mellom heimetenesta, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar og vi prøvar å imøtekome behova til den enkelte brukar so godt som råd er.

Her finn du meir informasjon tenesta: Ergoterapi

 

Hjelpemiddelformidling

Vi tek i mot, og leverer ut hjelpemiddel der det blir vurdert som nødvendig. Dette vil skje etter eigne retningslinjer utarbeida for denne situasjonen vi er inne i no. Hjelpemiddel frå heimar med mistanke om eller konstatert koronasmitte vil ikkje bli prioritert teke i retur på noværande tidspunkt grunna smittevern.

Ta kontakt ved eventuelle spørsmål.

Her finn du meir informasjon tenesta:: Hjelpemiddel

Fysioterapitenesta

På omsorgssenteret, omsorgsbustadane og andre kommunale institusjonar et det strenge restriksjonar for besøk og fysisk kontakt, dette for å skjerme bebuarane og dei tilsette. Behov for hjelp frå fysioterapeutane skjer her gjennom eit samarbeid mellom leiar, helsepersonell på den aktuelle seksjonen, evt. lege og fysioterapeut. Fysioterapeutane er tilgjengelege på telefon og videokonsultasjon  for å gi råd, rettleiing og oppfølging til brukarar og tilsette.

Det er svært få vi går inn i direkte fysisk kontakt/behandling med i denne perioda. Dette endrar seg truleg ettersom situasjonen og behova endrar seg og vi vil her følgje råda til dei nasjonale retningslinjene.

Rehabilitering på korttidsavdeling blir kun gitt i dei tilfelle dette blir vurdert som kritisk helsehjelp. Dette vil då skjer i tett samarbeid med leiar av seksjonen, anna helsepersonell, lege og fysioterapeut.

Avtalefysioterapeutane har stengt institutta sine, men dei er tilgjengelege på telefon og har starta med oppfølging via videokonsultasjon.

Avtalefysioterapeutane følger der nasjonale retningslinjene på like linje med dei tilsette fysioterapeutane, når behovet for fysisk kontakt er der, er vi i tett dialog med smittevernslege.

Her finn du meir informasjon tenesta: Fysioterapi  

Kvardagsrehabilitering

Det ordinære tilbodet i kvardagsrehabilitering er satt noko på vent. Vi oppmodar likevel folk om å søkje om tenesta. Alle søknadar vil verte behandla, og søkjarar vil verte kontakta.

Har du behov for kontakt eller oppfølging av teamet kan du også sjølv ta kontakt med forvaltningskontoret eller kvardagsrehabiliteringsteamet på måndag og onsdag.

Nettlenke: Kvardagsrehabilitering

Frisklivssentralane

har oppfølging av sine deltakarar via telefon og videokonsultasjonar. Frisklivssentralalne tek også inn nye deltakarar for helsesamtale og vidare oppfølging.

Her finn du meir informasjon tenesta: Frisklivssentralane

 

Vi ønsker at både innbyggarar og samarbeidspartar frå hjelpeapparatet tek kontakt ved behov for hjelp frå den aktuelle tenesten. Vi er å treffe på våre vanlege mobilnummer.

Tilvisingane og henvendingane blir handtert og vurdert av den aktuelle tenesta, ofte i samråd med andre hjelpeinstansar som t.d smittevernslege.

Vi i seksjon førebygging og rehabilitering ønsker med dette å formidle at vi er tilgjengelege for deg. Har du behov for ei vurdering, råd, tips og/eller oppfølging ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er her for deg og saman prøvar vi å finne den beste løysinga innanfor det handlingsrommet vi har.