Har du ein idé til eit klimasmart måltid?

Klikk for stort bilete Miljøagentene Miljøagentene arrangerer i januar kampanjen "Klimakokkene" for alle 5-7. klasser over heile landet.

Klimakokkene er ein heilt ny kampanje i regi av Miljøagentene. Kampanjen varer fra 6.-31. januar 2020, og er open for alle klasser på 5.-7. trinn som har mat- og helsefag.

Det er heilt gratis å delta i Klimakokkene, og kvar klasse får tilsendt undervisningsmateriell og konkurrerer om fine pengepremiar til dei tre beste klassene.

I løpet av konkurransen vil borna bli utfordra til å vere kreative og ta klimasmarte val i matlaginga.

Målet er å vise born korleis ein enkelt kan arbeide med klimaproblematikken i kvardagen, samtidig som ein har det kjekt. Klimakokkene vert arrangert av Miljøagentene, i samarbeid med TORO.

(Saka held fram under biletet)

Klikk for stort bilete Miljøagentene Premiar

I Klimakokkene blir det delt ut premiar til dei tre beste matrettane:

  • Første plass: 15 000 kroner
  • Andre plass: 10 000 kroner 
  • Tredje plass: 5 000 kroner

Premiane skal bidra til vidare miljøvennleg aktivitet og kome heile klassa til gode, som t.d. sykkelparkering, parsellkasser eller turutstyr.

Skular treng forskjellige ting, og Miljøagentene vil samarbeide med skulane slik at midlane blir nytta vel.

Du finn meir informasjon om konkurransen og korleis du melder på klassa di på heimesida til Klimakokkene.