Har du framlegg til Stikk UT! Vinterfottur?

No er sesongen for StikkUT! Vinterfotturar rett kring hjørnet, og vi ønskar difor innspel på aktuelle turar i kommunen.

Volda kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og er derfor med på Stikk UT!

No er sesongen for StikkUT! Vinterfotturar rett kring hjørnet, og vi ønsker difor innspel på aktuelle turar i kommunen. Sesongen for Stikk UT! Vinterfottur er frå 15. desember til 2. påskedag.

Vi skal ha 3–8 turar i kommunen. I den samanheng ønsker vi innspel på vinterfotturar.  Send inn ditt forslag innan 17. oktober 2021.

Det er nokre moment som er viktige når det gjeld val av vintertur:

  • Nærturar der folk bur
  • Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
  • Avklaring med grunneigar
  • Tilgjengeleg parkeringsplass
  • Solid underlag som tåler slitasje på vinteren
  • Turskildring i www.morotur.no
  • Vintertilhøve, ikkje fare for snøskred eller is-sprang
  • Variasjon innan grøne og blå turar

I fjor hadde Volda desse vinterfotturane: Elvadalen til Årneset, Kalsethola, Heltnelidhuken, Rotevatnet rundt, Høgåsen i Hjartåbygda, Gildrehammaren, og Nakkebruna (dagsturhytta på Grodås).

Meld inn innspel her