Har du innspel til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Har du innspel til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Torgeir Stensø

Hugs: Informasjonsmøte tysdag 12.9.2023 kl. 18.00 på Uppheim

Volda kommune skal lage ny kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Vi ønskjer innspel til planen og til prosessen med å lage planen.

Kva går planen ut på ?

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er ein tematisk plan som skal fungere som eit styringsreiskap i samband med tildeling av midlar. Anlegg som det vert søkt om spelemidlar til må vere innarbeidd i ein kommunal plan.

 

Kommunen har utarbeidd eit planprogram som seier noko om korleis vi skal utarbeide planen og kva mål vi har med den. Dette planprogrammet blir no sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Samstundes vert det varsla oppstart av planarbeidet. Sjå lenke nedanfor.

 

Mål for arbeidet er å utarbeide ein kommunedelplan (KDP) for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø for heile Volda kommune. Kommunen sin visjon, mål og strategiar for idretts- og friluftslivspolitikk skal gå tydeleg fram i kommunedelplanen. Planen skal gje ei oppdatert oversikt over anlegg og vere eit styringsverktøy for å nå kommunen sine mål på feltet.

 

Informasjon og medverknad

Sakshandsamar er planleggar Berit Sandvik Skeide. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål på telefon 47 66 93 70 eller på e-post: berit.sandvik.skeide@volda.kommune.no

 

Kommunen inviterer til informasjonsmøte tysdag 12.9.2023 kl. 18.00 på Uppheim.
I møtet vil de få utfyllande informasjon og det vert høve til å stille spørsmål.

 

Sei di meining

Du har no moglegheit til å kome med innspel til planprogrammet og planen.

 

Frist for å kome med innspel og merknader til planprogrammet er sett til 16.10.2023.

Innspel og merknader til planprogrammet skal vere skriftlege og sendast til postmottak@volda.kommune.no eller Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

 

Planprogram - kommunedelplan for idrett og friluftsliv (PDF, 363 kB)