Helseplattforma – ein journal for heile helsetenesta i Midt-Norge

Klikk for stort bilete

For fyrste gong blir det etablert ei felles journalløysing som fylgjer pasienten hos fastlege, på sjukehus, hos private spesialistar og i kommunal helse og omsorg.

Eigarar er Helse Midt-Norge og Trondheim kommune. Volda kommune har, saman med 83 andre kommunar, opsjonsavtale.


Dette er ei stor offentleg anskaffing som vil medføre store endringar. Anskaffinga av helseplattforma byggjer på brei fagleg involvering frå alle områder i helsetenesta.


I førebuinga til helseplattforma blir opsjonskommunane utfordra i å arbeide med pasientforløp. Forløpa skal vere forutsigbare og koordinerte. Ein ynskjer med dei å rette merksemda frå å spørje pasienten om «kva er i vegen med deg?» til «kva er viktig for deg?»


Fredag 04.01.19 var difor tilsette frå Volda og Hornindal kommune samla til «work shop» dag. Det var stort engasjement i høve dei ulike forløpa ein skulle sjå på; helsestasjon, heimeteneste, sjukeheim langtidsopphald, rehabilitering døgninstitusjon, butiltak psykisk helse og butiltak for personar med nedsett funksjonevne. 

Klikk for stort bilete