Helsestasjonen innfører timebestilling via SMS

Klikk for stort bilete

Fredag 22 mai vert det innført nytt system for SMS timebestilling ved Volda helsestasjon. Tenesta gjeld helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.

Enkelt å endre, avbestille eller bestille ny time

Dette er ein av leveransane i det interkommunale prosjektet "Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste", og er eit tiltak for å gjere tenestene knytt til helsestasjonen meir tilgjengeleg for brukarane. No vil vi kunne tilby ei teneste som gjer det enkelt å endre, avbestille eller bestille ny time på helsestasjonen, seier leiande helsesjukepleiar Toril Høydal, jordmor Gunvor Bergem Lia og prosjektleiar Inge Pettersen.

Tenesta er levert av HelseRespons, og er same system som nyttast ved ei rekkje legekontor.

 

Slik gjer du for å endre, avbestille eller bestille ny time via SMS:

Send SMS til tlf. 2097: HSTVOLDA fødselsdato, namn, di melding og ev. grad av hast.

Unngå sensitiv informasjon. Dersom du er føresett så hugs at det er barnet sin fødselsdato og namn du må skrive.

Døme: hstvolda 230618, Kari Frisk, ønsker ny time hos helsesjukepleiar i veke 32.

Ved å sende oss SMS samtykkar du til at WTW AS behandler dine personopplysningar og at vi kan svare deg via SMS. Du vil få ei kvittering på at din SMS er motteken, og vi svarar normalt i løpet av ein arbeidsdag. Hugs at du ikkje kan sende helseopplysningar, personnummer eller anna sensitiv informasjon via SMS!

Gjeld din førespurnad time same dag ber vi om at du tek kontakt på telefon. Tenesta er gratis.

NB: Tenesta kan ikkje nyttast dersom ein har reservert seg mot kortnummer.

Helsestasjonen minner om at ein framleis har høve til å ringe dersom ein treng å snakke med nokon.