Her kan du røyste på valdagen

På valdagen kan du røyste i alle vallokala i kommunen, dersom du er folkeregistrert i kommunen.

Røystestader valdagen, 13. september 2021
Krins Stad Opningstid
Austefjord krins Austefjord skule 12:00-18:00
Dalsfjord krins Dalsfjord skule 12:00-18:00
Folkestad krins Folkestad skule 12:00-18:00
Hornindal krins Honndalshallen 12:00-18:00
Mork krins Mork skule 12:00-18:00
Øyra krins Volda samfunnshus 09:00-20:00

 

Legitimasjon og valkort

Husk gyldig legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete. Utan gyldig legitimasjon får du ikkje røyste. Du kan røyste utan valkort, men dersom du har det med så går det fortare!

Hald avstand og sprit hendene dine før du går inn i røysteavlukket.

 

Isolasjon eller karantene?

Veljarar som er i karantene på valdagen 13. september kan røyste utafor eit av vallokala i kommunen. Du må i så fall ta kontakt på telefon 959 01 061 eller 928 89 326, for å avtale tidspunkt. Det vil då kome ut to valfunksjonærar frå vallokalet som vil ta imot røysta direkte frå deg. Vi vil be om at du vert sitjande i bilen slik at du ikkje har kontakt med andre personar, og at du bruker munnbind.

Dersom du er i isolasjon på grunn av Covid-19, kan du søke valstyret om å få ambulerande røysting. Du kan søke heilt fram til kl. 10.00 på mandag 13. september. Kommunen vil då kome heim til deg slik at du får røysta. Dette gjeld for dei som er i isolasjon på grunn av covid-19, ikkje for andre som er sjuke eller uføre. Du kan ta kontakt via telefon 959 01 061 eller på epost til sonja.havik@volda.kommune.no