Høyring / offentleg ettersyn. Detaljreguleringsplan for Røystun panorama

Formannskapet har i møte 7.6.2022, sak 115/22 med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, vedteke at detaljreguleringsplan for Røystun panorama vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 7.2 daa, og ligg mellom vegane Lyngbakken og Legene. Planforslaget legg til rette for oppføring av 4 frittliggande einebustader og ein 2-mannsbustad, totalt 6 nye bueiningar med tilhøyrande leikeplass på 200 m2.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utbygging av sentrumsnære småhus, primært einebustader. Det er lagt til rette for etablering av leikeplass og gangstiforbindelse mellom Legene og Lindevegen. 

Merknader til planarbeidet skal sendast til kommunen på e-post til:
ostmottak@volda.kommune.no eller til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Merknader skal merkast med saksnr. 21/805 og planident 2021/003. Frist 1. august.

Her kan du lese saksdokumenta (https://innsyn.volda.kommune.no/)



Sak til offentleg ettersyn. Detaljreguleringsplan for Røystun panorama. PlanID 2021003


Berit Sandvik Skeide
Planleggar