Høyring. Retningsliner kommunalt viltfond

Landbruk Kommunen har fått fleire saker dei siste åra som omhandlar bruk av kommunalt viltfond. Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) har difor bedt om at det vert utarbeida retningsliner for bruk av viltfondet i Volda.

Inntektene frå viltfondet kjem frå fellingsavgifta for hjort, satsane er 300 kroner for vaksne dyr og 180 kroner for kalvar.
Den største utgifta til viltfondet er handtering av skadd vilt etter påkøyrsler. 
Vedlagt er forslag til retningsliner for bruk av viltfondet i Volda kommune. 

Høyringsfristen er satt til 25.10.21. 

Innspel sender du til postmottak@volda.kommune.no ev Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Retningsliner for kommunalt viltfond i Volda kommune (PDF, 21 kB)


Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort - Lovdata (PDF, 130 kB)