Høyring - Skulekrinsar i nye Volda kommune

Det må takast stilling til kva skulekrins Bjørke og Viddal skal høyre til i den nye kommunen. 

Øyra skule SFO - Klikk for stort bilete

Det er vedteke grensejustering som inneber at grunnkrinsane Bjørke og Viddal i Ørsta kommune skal høyre til nye Volda kommune. Det inneber at det må takast stilling til kva skulekrins Bjørke og Viddal skal høyre til i den nye kommunen.

Saka kan få konsekvensar for tidlegare Austefjord skulekrins, og på den måten Stor-Øyra skulekrins som no omfattar Austefjorden. Aktuelle grendalag i Austefjorden vil difor bli bedne om å kome med sine synspunkt saman med grendalag i Bjørke, Viddal og Hornindal. SU og FAU ved Austefjord og Hornindal skular vil saman med SU og FAU ved Volda ungdomsskule også bli bedne om å kome med sine synspunkt. Kommunestyra vil også bli bedne om ein uttale i saka.

Ein finn at saka i liten grad vedkjem grendautval i Volda sentrum, og finn det difor ikkje formålstenleg å involvere dei i høyringa.

Saka skal følgje sakshandsamingsreglane slik dei kjem fram i rundskriv Udir-2-2012 Behandling av saker om skolenedlegging og kretsgrenser.

Etter at høyringsfristen er ute, vil administrasjonen fremje sak for fellesnemnda for nye Volda kommune med tilråding om kva skulekrins Bjørke og Viddal skal høyre til, og sak om forskrift om skulekrinsgrenser vil bli lagt fram for fellesnemnda.

Høyringsfristen vert sett til 07.01.2019. Uttalar skal merkast med saksnr 2018/2054.

Vedlegg: