Høyring: skyssreglement i Volda kommune

Klikk for stort bileteForslaget til kommunalt skyssreglement vert sendt til uttale til SU og FAU ved grunnskulane, det kommunale foreldreutvalet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Frist til å kome med innspel vert sett til 1.november 2019.

Geografien i nye Volda kommune gjer det naudsynt med skuleskyss for mange av grunnskuleelevane.

I 2018 hadde 56,4 % av elevane i Hornindal kommune skuleskyss, medan 14,4 % av elevane i Volda kommune hadde det same. Samla utgjer dette om lag 245 elevar.

Dei aller fleste av desse har rett til skyss grunna avstanden mellom heim og skule, medan nokre har kommunal skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

Med ny kommune er det naudsynt å revidere/utarbeide nytt kommunalt skyssreglement, som er å sjå på som ei forskrift.

Som forskrift er reglementet nyttig for å sikre tydelege retningslinjer og gjere det føreseieleg for elevar og føresette. 

Høyringsuttalar

Forslaget til kommunalt skyssreglement vert sendt til uttale til SU og FAU ved grunnskulane, det kommunale foreldreutvalet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frist til å kome med innspel vert sett til 1.november 2019.

Innspel skal merkast med saksnummer 19/15352 og sendast til postmottak@volda.kommune.no.

Føresette som har innspel kan sende desse via FAU ved skulen der borna går.

Høyringsdokument

Skuleskyssreglement
Tittel Publisert Type
Kommunalt skyssreglement - høyring

08.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kommunalt skyssreglement - høyring.pdf
Utkast skyssreglement

08.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Utkast skyssreglement.pdf
Utkast_vedtekter_kulturskulen

08.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Utkast_vedtekter_kulturskulen.pdf
Vedtekter for Volda kulturskule - høyring

08.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedtekter for Volda kulturskule - høyring.pdf

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
oppvekstsjef
E-post
Mobil 905 36 757