Høyring: vedtekter for Volda kulturskule

Klikk for stort bileteI samband med ny kommune er det naudsynt å revidere vedtektene for Volda kulturskule.

På grunnlag av historikk og etablert praksis i Hornindal og Volda kommunar, er det utarbeidd framlegg til vedtekter for kulturskulen i nye Volda kommune.

Framlegget vert sendt på høyring til SU og FAU ved grunnskulane samt kommunalt foreldreutval.

Saka skal etter planen til politisk handsaming i november.

Frist for innspel vert sett til 1. november 2019.

Innspel sendast til postmottak@volda.kommune.no skal merkast med saksnummer 19/15353

Høyringsdokument

Med helsing
Per Ivar Kongsvik
Kommunalsjef oppvekst