HVO-student på praksis

Klikk for stort bileteJohan Liseth Pedersen frå Sykkylven skal dei neste åtte vekene jobbe i Volda kommune med informasjon og kommunikasjon.

PR- og kommunikasjonsstudent Johan Liseth Pedersen skal frå måndag og dei neste åtte vekene jobbe i Volda kommune i samband med studentpraksis ved Høgskulen i Volda.

Johan er 26 år gamal, og kjem frå Sykkylven. Han har eit stort hjarte for fotball og sport, og flytta til Volda i 2016. Sidan då har han starta på PR og kommunikasjonsstudiet ved høgskulen, blitt sambuar og blitt far til ein liten gut.

I perioden 18. februar til 12. april 2019 skal han vere i Volda kommune, der han vil arbeide tett saman med kommunens informasjons- og kommunikasjonstilsette for å lære meir om dette fagfeltet i arbeidslivet, samt få eit innblikk i offentlig sektor.

- Det vide omgrepet «kommunikasjon» er eit fenomen som fascinerer meg, fordi det handlar så mykje meir om berre ein dialog eller samtale mellom to partar. Eg gleder meg difor stort til å bli kjent med både Volda som kommune, dei tilsette og alle arbeidsoppgåvene som vil dukke opp langs vegen, seier Johan Liseth Pedersen.

Velkomen til Volda kommune, Johan!