HVO-student på praksis

Klikk for stort bileteKaroline Haugland er praksisstudent frå Høgskulen i Volda. Volda kommune Karoline Haugland frå Holsnøy skal dei neste åtte vekene jobbe i Volda kommune med informasjon og kommunikasjon. 

PR- og kommunikasjonsstudent Karoline Haugland skal frå måndag 10. februar og dei neste åtte vekene jobbe i Volda kommune i samband med studentpraksis ved Høgskulen i Volda.

Karoline er 23 år gamal, og kjem frå ei lita øy utanfor Bergen ved namn Holsnøy.

Volda vart den nye heimstaden hennar i 2017 då ho starta på PR- og kommunikasjonsstudiet ved høgskulen. Ho er mest glad i å sitje framfor fjernsynet, men likar å vere sosial med kjende og kjære.

I perioden 10. februar til 3. april 2020 skal ho vere i Volda kommune, der ho vil arbeide tett saman med kommunens informasjons- og kommunikasjonstilsette for å lære meir om dette fagfeltet i arbeidslivet, samt få eit innblikk i offentlig sektor.

- Eg er veldig glad i å bli fora med informasjon frå dokumentarar og TV-seriar. I tillegg er eg oppteken av å formidle informasjon vidare på best mogleg måte. Det er mange måtar å kommunisere på og eg gler meg til å få erfaring frå feltet. Eg trur det er stor lærdom å hente i Volda kommune og eg er spent på vegen vidare, seier Haugland.

Velkomen til Volda kommune, Karoline!