Influensavaksinering i Volda hausten 2020

Klikk for stort bileteInfluensavaksinene i år kjem til Volda i slutten av oktober og  vaksinasjonsdagane vert: 29. og 30. oktober samt 2. og 3. november.

Vaksineringa  i Volda sentrum er flytta til Volda Samfunnshus.  Eiga annonse med tidspunkt og oppsett alfabet i Møre/Fjordingen seinare.

I Hornindal vert vaksineringa som tidlegare på helsesenteret. Ta der kontakt for timebestilling. 

Ekstra utfordringar knytta til covid-19 og strenge smittevernsreglar, gjer at vi må organisere  massevaksineringa i sentrum på ein måte som krev store ressursar. Vaksineringa skal gjennomførast på ein trygg måte med avstand, munnbind, handhygiene og at ein held seg  heime ved symptom på sjukdom. Det vert ikkje timebestilling i sentrum og ein må rekne med litt kø. Håpar publikum har forståing for dette.

Kven kan få vaksinen?

Det er helsepersonell, personar i risikogrupper og andre spesifikke målgrupper som får tilbod om influensavaksine for sesongen 2020/21. Årsak til vaksineringa skal registrerast.
 

Risikogrupper

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (sistnemnde vaksinerast i omsorgssenteret)
  • Barn og vaksne med:
    Diabetes type 1 og 2
    Kronisk lungesjukdom
    Hjarte- og karsjukdom
    Leversvikt eller nyresvikt
    Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    Nedsett immunforsvar
    Svært alvorleg fedme (KMI> 40)
    Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege 

Spesifikke målgrupper:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasienter (nedsett immunforsvar)
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

 Kva kostar vaksinen?

  • Vaksineringa ved samfunnshuset kostar kr 200. Dette gjeld både om du har frikort eller ikkje, og dekker administrative utgifter. KUN bankterminal.
  • For dei som har timeavtale med fastlegen og tek vaksina der, kostar vaksina kr 50. + konsultasjonsgebyr. Har du frikort er den gratis.
  • Apoteket tilbyr vaksinasjon. Der kostar den kr 380. 

Hjelper influensavaksina mot Covid-19/korona?

Influensavaksina er kun effektiv mot infeksjon forårsaka av influensavirus, og vil ikkje beskytte mot covid-19. Vaksinering er likevel viktig for å unngå alvorleg influensasjukdom, redusere risikoen for dobbeltinfeksjon med influensa og covid-19, unngå at helsepersonell blir sjuke på grunn av influensa, og for å hindre at influensaepidemien ytterligare forverrar situasjonen i ei helseteneste som kan vere overbelasta av covid-19. 

Smittevern

Då det vil vere mange folk samla desse dagane vil det vere viktig å halde minst 1 meters avstand til kvarandre, ha god handhygiene, hoste i albogen, samt å ikkje møte opp om ein har symptom på sjukdom.

Alle som skal vaksinerast vert med tydeleg oppmerking og personell vist gjennom lokala ved Samfunnshuset. Munnbind er anbefalt for dei som skal vaksinerast. Ta med eige munnbind, eller du vil få eit utlevert når du kjem.

Saman skal vi få det til!

Volda kommune/helsestasjonen.