Informasjon frå helse- og omsorgssektoren

Klikk for stort bileteFrå 01.01.2020 vert alle helse- og omsorgstenester, med unntak helsestasjonstilbod, slått saman og samla i éin sektor. Helsestasjonstilbod ligg til sektor for oppvekst.

Den nye sektor helse- og omsorg vert leia av kommunalsjef Svein Berg- Rusten og har seks avdelingar:

Tenesteområde

Helse- og forvaltning

Avdelingsleiar og ass. kommunalsjef er Ingunn Gjengedal (tlf. 92436245).

I denne avdelinga ligg stab og servicefunksjonar i sektoren.

Her er også sentralkjøkken, forvaltningskontor, rehabilitering og førebygging(fysio- og ergoperatitenester), frisklivssentralar, folkehelsekoordinator, teknisk drift og sjåfør.

Legeteneste

Avdelingsleiar/kommuneoverlege er Inger Lise Kaldhol (tlf. 98477079)

I denne avdelinga ligg kommunal legeteneste, legevakt, nattlegevakt, helsepersonell på legekontor og sjukeheimslege.

Insitusjonsteneste

Avdelingsleiar er Ann- Sølvi Heltne (tlf. 91144863)

Omsorgssenteret i Hornindal og i Volda ligg til denne avdelinga.

Her er langtidsplassar, korttidsavdeling inkl kommunal akutt plass(øyeblikkeleg hjelp), moglegheit for skjerming om særskilde behov.

Heimetenester

Avdelingsleiar er Astrid Dimmen (tlf. 95770524)

Heimetenestene består av både døgnbemanna omsorgsbustader for eldre, dagsenter for eldre og den tradisjonelle heimebaserte tenesta, der ein har heile den geografiske kommunen som arbeidsfelt.

Bjørke, Viddal, Leira og Sjåstaddalen vert frå 01.01. heimesjukepleia i Hornindal sitt oppdrag.

Bu- og habilitering

Avdelingsleiar er Oddbjørg Langøy (tlf. 91853604)

I denne avdelinga er det mange med utviklingshemming eller andre og store og samansette hjelpebehov som får tenester.

Mange bur i samlokalsierte tenester, Hamna dagsenter tilbyr arbeid og sysselsetting og eit eige tilbod for familiar med avlastingsbehov på grunn av barn og unge som bur heime.  

Rus- og psykisk helseteneste

Avdelingsleiar er Elin Høydal Vatne (tlf.91555970)

Avdelinga yter tenester til personar som har diagnose relatert til rus- og / eller psykisk uhelse.

Ein har lågterskeltilbod, med breitt aktivitets/ sysselsetjingstilbod, oppsøkande tenester og tilbod knytt til samlokaliserte bustader.


Nokre avdelingar er svært store, den største med ca. 100 årsverk. For at avdelingane skal driftast på ein god måte, er dei delte opp i seksjonar med ein seksjonsleiar.

Ein seksjonsleiarar har mellom anna personalansvar for sin seksjon, samt eit medansvar for den daglege drifta.

Legevakt frå 01.01.2020

Frå 1.januar blir legevakta for innbyggarane i Hornindal felles med Volda utanom kontortid for Hornindal legekontor.

Legevakta er lokalisert ved Volda legesenter frå kl 16-22 på kvardagar og i helgane. Om natta er legevakta lokalisert ved Volda sjukehus. 

Telefonnummeret til legevakta vil framleis vere 116 117. 

For innbyggarane i Hornindal vil det i tidsrommet 1.januar til 7.januar vere ei overgangsordning der ein framleis kjem til legevaktsentralen i Eid når ein ringer til legevakta.

Dette fordi den tekniske omkoplinga ikkje skjer før 7.januar. Legevaktsentralen på Eid vil då sette over til legevaktsentralen i Volda.

Forvaltningskontor

Sektoren har eit forvaltningskontor. Her jobbar sakshandsamarar som skal vurdere søknader på tenester.

Med unntak av legetenester, vert alle søknader på tenester i sektoren vurdert av forvaltningskontoret, uansett om det er langtidsplass, praktisk bistand, tryggleiksalarm, omsorgsbustad, heimesjukepleie, avlasting, støttekontakt mm.

Det er seksjonsleiar av forvaltningskontoret og kommunalsjefen som har avgjerdsmynde når tenester skal tildelast.

Forvaltningskontoret samhandlar/ innhentar opplysningar med fagpersonar i sektoren og andre instansar når søknader vert handsamast.  

Forvaltningskontoret treff ein på telefon: 70054004 eller 90411886.

Helse- og omsorgsplan

Sektoren er i ferd med å skulle utarbeide ein ny helse- og omsorgsplan.

Dette arbeidet vil gå føre seg gjennom heile 2020 og ein har som mål å engasjere mange i prosessen gjennom ulike arbeidsgrupper.

Ragnhild Aarflot Kalland er oppnemnd som prosjektleiar for denne prosessen.