Informasjon frå sektor for oppvekst

Klikk for stort bileteAlle tenster som rettar seg mot barn, unge og undervisning og kvalifisering for vaksne er samla i sektor for oppvekst.

Dette gjeld til dømes barnehage, skule, helsestasjon, norskopplæring for vaksne, kvalifisering og busetting.

Denne sektoren vert leia av kommunalsjef Per Ivar Kongsvik.

Tenesteområde

Avdeling barnevern

Avdelingsleiar er Aina Øyehaug Opsvik.

Barnevernstenesta er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta.

Administrasjonen held til på rådhuset i Volda.

Avdelinga er delt i fire seksjonar:

  • Mottak/undersøking
  • Tiltaksteam 1 / familieteam
  • Tiltaksteam 2 / oppfølging av einslege mindreårige
  • Omsorg
Avdeling helsestasjon

Avdelingsleiar er Toril Høydal.

Volda helsestasjon held til i kjellaren på rådhuset og har ope kvardagar 08.30 – 15.30. Torsdagar er helsetasjonen ope frå kl. 13.00 – 15.30. Telefonnummer til helsetasjonen er 700 58 820.

Avdeling Hornindal held til på helsesenteret på Grodås. Der vil vere helsestasjon og skulehelseteneste 3 dagar pr veke. Mobilnummer er 47458465.

Helsestasjon for ungdom (opp til 20 år) og studentar (opp til 25 år) held til i paviljongen ved Øyra barneskule, og har ope tysdagar og torsdagar frå kl. 14.00 – 16.30.

Helsestasjonen har også ansvar for :

  • Svangerskap og barselomsorg
  • Helsestasjon 0 – 5 år
  • Skulehelseteneste
  • Psykologteneste

Meir informasjon kan ein finne på Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre.

Avdeling barnehage

Avdelingsleiar er Bodil Brautaset.

I Volda kommune er det åtte kommunale og åtte private barnehagar. 

Barnehagar i Volda
Kommunale Private
Mork Øyra
Engeset Røysmarka
Oppigarden Trollsletta
Sollia Rotset
Austefjord Hjellbakkane
Hornindal Bratteberg
Folkestad Tunåsen
Lauvstad Volda opne barnehage

 

Avdeling skule

Avdelingsleiar er Lene Nupen.

Tenesta er ansvarleg for grunnskuleopplæring, kulturskule og logopedteneste.

Det er åtte kommunale grunnskular og ein privat skule i kommunen.

  • Mork skule
  • Øyra skule
  • Bratteberg skule
  • Austefjord skule
  • Hornindal skule
  • Folkestad skule
  • Dalsfjord skule
  • Volda ungdomsskule
  • Ulvestad barneskule (privat)

Her finn du meir informasjon om kulturskulen i Volda kommune.

Avdeling vaksenopplæring og kvalifisering

Avdelingsleiar er Stian Bjerkvik.

Tenesta har ansvar for grunnskule for vaksne, norskopplæring og kvalifisering og busetting.

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
kommunalsjef
E-post
Mobil 905 36 757