Informasjon om gebyr for vatn og avløp

Klikk for stort bilete

Det har kome mange spørsmål til kommunen etter at gebyr for vatn/avløp og feiing vart sendt ut.  

Ny kommune og ny forskrift

Når Volda og Hornindal gjekk saman til ei ny kommune måtte ein utarbeide ei ny forskrift som regulerte gebyra til vatn og avløp. Ei slik forskrift må kommunen ha for å kunne krevje inn vatn og avløpsgebyr. Vatn og avløp er 100 prosent sjølvkost og dette betyr at dei gebyra som kommunen krev inn for vatn og avløp frå innbyggjarane, berre kan nyttast til å drifte og vedlikehalde denne tenesta.

Den nye forskrifta legg opp til eit nytt avgiftssystem og skildrar korleis ein skal rekne ut og vekte vatn og avløpsavgifter i kommunen. Forskrifta regulerer også retter og plikter mellom abonnentane og kommunen som leverandør av vatn og avløpstenester.

Eige driftsfond/sjølvkostfond for vatn og avløp

På vatn og avløp har ein eit driftsfond/sjølvkostfond som kan gå i pluss og minus basert på om tenestene vatn og avløp går med underskot eller overskot frå år til år. Inntektene til vatn og avløp kjem utelukkande frå vatn- og avløpsgebyr. Om tenestene går med underskot eit år skal dette underskotet dekkjast inn innan fem år. Dette betyr at overskot eller underskot på vatn og avløp, samt investeringar gjort innanfor desse områda ikkje påverkar den generelle økonomien til kommunen.

Driftsfond/sjølvkostfond gir høve til fleksibilitet i auke av gebyr. Ser ein til dømes at utgiftene til eininga vil auke om to år, kan ein starte å trappe opp for å bygge overskot (spare) til å møte seinare auke i utgiftene. Alternativt kan ein vente til utgiftene aukar for så å bygge opp eit negativt sjølvkostfond (låne). Det var dette kommunestyret tok stilling til då dei vedtok nytt gebyrregulativ.

Status på fond var :

Klikk for stort bilete 

Politisk handsaming

I kommunestyret desember 2019 vart saka om gebyr handsama. Her er link til opptak av kommunestyremøtet 12.12.2020 der vedtak vart gjort.

Frå administrasjonen si side vart det det lagt fram to alternativ til gebyrutvikling på vatn og avløp for ny kommune.

Alternativ 1 tok heile auken med det same (Gebyrregulativ alternativ 1).

Alternativ 2 lag opp til ei gradvis opptrapping dei neste åra (Gebyrregulativ alternativ 2).

Innstillinga frå administrasjonen var alternativ 1 som vart vedteke av kommunestyre i desember 2019.

Avgiftsnivået.

For innbyggarane i Hornindal viste administrasjonen til at ein ikkje ville merke så stor forskjell då avgiftsnivået låg høgare i Hornindal enn i Volda. Men for innbyggarane i gamle Volda ville det vere ei markant auke i gebyr uansett kva alternativ ein ville gå for. Bakgrunnen for auka til abonnentane i gamle Volda er relatert til etterslepet på investeringar  i vatn og avløp over fleire år og oppfølging av lovkrav knytt til sjølvkostområdet. Vedteken investeringsplan for området vil føre til auka kapitalkostnadar som etter sjølvkostprinsippet skal dekkast inn av abonnentane

Alternativ 1 la opp til å møte avgiftsauka i ein omgang, slik at ein kan ha ei normal prisutvikling på gebyret etter 2020 med nokre få prosent påslag kvart år. I begge alternativa såg ein at når ein kjem til 2024 vil ein sannsynlegvis måtte gjennomføre eit nytt hopp. Men dette vil vere avhengig av kommunestyret si prioritering av investeringar, usikkerheit i prosjektkostnadar, gjennomføringsevne, etc.

I tabellen under kan du sjå avgiftsnivået for 2019 i Hornindal og Volda på vatn og avløp for ein bustad på 180 m².

Det er også lagt inn avgiftsnivået for både alternativ 1 og alternativ 2. Det er alternativ 1 som er vedtatt. 

Avgiftsnivå i Hornindal og Volda på vatn og avløp for ein bustad på 180m²
Bustad på 180 m² Hornindal 2019 Volda 2019 Volda 2020 Alt 1 Volda 2020 Alt. 2
Årsgebyr vatn inkl mva 6 800 4 400 6 639 5 438
Årsgebyr avløp inkl mva 7 200 3 000 4 476 3 565

 

Under ser du tabell over gebyrutviklinga for ein bustad på 180 m² ved alternativ 1 som er vedteke for Volda:

Klikk for stort bilete

 

 

Nytt oppdatert grunnlag for bruksareal (BRA)

Dersom du har fått endra bruksareal på bustaden/bygget ditt er det fordi kommunen har fått oppdatert dette registeret (matrikkelen). Dette var eit ledd i å kvalitetssikre grunnlaget for gebyret for vatn og avløp. Det offentlege registeret for eigedomar og bygg i kommunen, matrikkelen/GAB-registeret, hadde både manglar og feil. 

Volda kommune har fått gjennomført ei analyse av sist tilgjengelege kartdata i 3D (2019). Arealet er berekna ved hjelp av avanserte algoritmar med fleire ulike automatiserte berekningar som igjen er kvalitetssikra av manuelle stikkprøver. 

Har du fått registrert feil bruksareal (BRA)?

Ved automatiserte prosessar kan det oppstå feil. Kommunen har alt tatt kontakt med fleire der vi har sett at det er unormal stor endring av brukareal. 

Dersom du meiner at grunnlaget/bruksarealet for gebyrutrekninga di er feil, du kan registrere eiga berekning og sende inn til kommunen. Berekning av bruksareal skal skje etter standard NS3940 og kommunen vil kvalitetsikre data før grunnlaget vert retta i avgiftsregisteret.

Omkring 2024 vil avgiftene igjen auke

Dette skuldast at fleire prosjekt er planlagt gjennomført for å oppgradere og tilpasse vass- og avløpsnettet til komande statlege krav. Då vil kapitalkostnadane auke. Ein kan ikkje allereie no ta høgde for dette då sjølvkostfondet skal gå i null i løpet av ei femårsperiode. Åra framover er basert på prognosar ut frå planlagt aktivitet.

Politisk prioritering av investeringar, faktisk pris på gjennomførte prosjekt vil som vere avgjerande for gebyrutviklinga. Avgiftene i heile landet vil auke i åra som kjem. Myndigheitene har sterkt fokus på rein og sikker vassforsyning, samt avløpssystem som ivaretek miljøet. Vatn og avløp er grunnlagsinvesteringar for god folkehelse. Vi har eit ansvar overfor innbyggjarane, og eit ekstra stort ansvar knytt til institusjonane, sjukehuset og omsorgssenter.

Til artikkel om tenesten "Gebyr for vatn og avløp".

Spørsmål om gebyr for vatn og avløp 2020

Kvifor har det kome ny forskrift?

Når Volda og Hornindal gjekk saman til ei ny kommune måtte ein utarbeide ei ny forskrift som regulerte gebyra til vatn og avløp. Ei slik forskrift må kommunen ha for å kunne krevje inn vatn og avløpsgebyr. Vatn og avløp er 100 prosent sjølvkost og dette betyr at dei gebyra som kommunen krev inn for vatn og avløp frå innbyggjarane, berre kan nyttast til å drifte og vedlikehalde denne tenesta.

Den nye forskrifta legg opp til eit nytt avgiftssystem og skildrar korleis ein skal rekne ut og vekte vatn og avløpsavgifter i kommunen. Forskrifta regulerer også retter og plikter mellom abonnentane og kommunen som leverandør av vatn og avløpstenester.

Endring i grunnlagsberekninga

I ny forskrift og gebyrregulativ for vatn og avløp i Volda kommune er det gjort endring i grunnlagsberekninga. Alle hus hadde ein omrekningsfaktor på 0,9 i høve BRA, men no er omrekningsfaktoren satt til 1 som vil seie at grunnlaget  er lik totalareal BRA. 

Det er også gjort ei endring i abonnementsgebyr for nærings-/kombinasjonseigedomar. Abonnementsgebyret skal multipliserast med faktor (N=1).  Faktor skal baserast på målt forbruk dei siste 5 åra.  Dvs. at dersom ein har eit forbruk på mellom 1000-3000m3 siste 5 åra skal ein betale 6 gangar abonnementsgebyr. 

 

 

Må vi betale ekstra mykje for vatn og avløp fordi kommunen har dårleg økonomi?

Nei. Det er eige driftsfond/sjølvkostfond for vatn og avløp som er heilt uavhengig av anna drift i kommunen. 

På vatn og avløp har ein eit driftsfond/sjølvkostfond som kan gå i pluss og minus basert på om tenestene vatn og avløp går med underskot eller overskot frå år til år. Inntektene til vatn og avløp kjem utelukkande frå vatn- og avløpsgebyr. Om tenestene går med underskot eit år skal dette underskotet dekkjast inn innan fem år. Dette betyr at overskot eller underskot på vatn og avløp, samt investeringar gjort innanfor desse områda ikkje påverkar den generelle økonomien til kommunen.

Driftsfond/sjølvkostfond gir høve til fleksibilitet i auke av gebyr. Ser ein til dømes at utgiftene til eininga vil auke om to år, kan ein starte å trappe opp for å bygge overskot (spare) til å møte seinare auke i utgiftene. Alternativt kan ein vente til utgiftene aukar for så å bygge opp eit negativt sjølvkostfond (låne). Det var dette kommunestyret tok stilling til når dei vedtok nytt gebyrregulativ.

Status på fond er :

Klikk for stort bilete 

Er det lovleg å setje opp gebyret på denne måten?

Ny forskrift og gebyrregulativ er handsama etter gjeldande reglar og den har vore ute på offentleg høyring. 

I kommunestyret desember 2019 vart saka om gebyr handsama. Frå administrasjonen si side vart det det lagt fram to alternativ til gebyrutvikling på vatn og avløp for ny kommune.

Alternativ 1 tok heile auken med det same (Gebyrregulativ alternativ 1).

Alternativ 2 lag opp til ei gradvis opptrapping dei neste åra (Gebyrregulativ alternativ 2).

Innstillinga frå administrasjonen var alternativ 1 som vart vedteke av kommunestyre i desember 2019.

Link til opptak av kommunestyremøtet 12.12.2020 der vedtaket vart gjort. 

Kvifor har avgiftsnivået endra seg?

Dette skuldast både nytt grunnlag for berekning av gebyr og ny forskrift med endra sats. 

 

Kvifor har satsen auka?

Dette skuldast både nytt grunnlag for berekning av gebyr (sjå spørsmålet under) og ny forskrift med endra sats. 

Når Volda og Hornindal gjekk saman til ei ny kommune måtte ein utarbeide ei ny forskrift som regulerte gebyra til vatn og avløp. Ei slik forskrift må kommunen ha for å kunne krevje inn vatn og avløpsgebyr. Vatn og avløp er 100 prosent sjølvkost og dette betyr at dei gebyra som kommunen krev inn for vatn og avløp frå innbyggjarane, berre kan nyttast til å drifte og vedlikehalde denne tenesta.

For innbyggarane i Hornindal viste administrasjonen til at ein ikkje ville merke så stor forskjell då avgiftsnivået låg høgare i Hornindal enn i Volda. Men for innbyggarane i gamle Volda ville det vere ei markant auke i gebyr uansett kva alternativ ein ville gå for. Bakgrunnen for auka til abonnentane i gamle Volda er relatert til etterslepet på investeringar  i vatn og avløp over fleire år og oppfølging av lovkrav knytt til sjølvkostområdet. Vedteken investeringsplan for området vil føre til auka kapitalkostnadar som etter sjølvkostprinsippet skal dekkast inn av abonnentane

Alternativ 1 la opp til å møte avgiftsauka i ein omgang, slik at ein kan ha ei normal prisutvikling på gebyret etter 2020 med nokre få prosent påslag kvart år. I begge alternativa såg ein at når ein kjem til 2024 vil ein sannsynlegvis måtte gjennomføre eit nytt hopp. Men dette vil vere avhengig av kommunestyret si prioritering av investeringar, usikkerheit i prosjektkostnadar, gjennomføringsevne, etc.

I tabellen under kan du sjå avgiftsnivået for 2019 i Hornindal og Volda på vatn og avløp for ein bustad på 180 m².

Det er også lagt inn avgiftsnivået for både alternativ 1 og alternativ 2. Det er alternativ 1 som er vedtatt. 

Avgiftsnivå i Hornindal og Volda på vatn og avløp for ein bustad på 180m²
Bustad på 180 m² Hornindal 2019 Volda 2019 Volda 2020 Alt 1 Volda 2020 Alt. 2
Årsgebyr vatn inkl mva 6 800 4 400 6 639 5 438
Årsgebyr avløp inkl mva 7 200 3 000 4 476 3 565

 

Under ser du tabell over gebyrutviklinga for ein bustad på 180 m² ved alternativ 1 som gjeld for Volda:

Klikk for stort bilete 

Omkring 2024 vil avgiftene igjen auke

 

Dette skuldast at fleire prosjekt er planlagt gjennomført. Då vil kapitalkostnadane auke. Ein kan ikkje allereie no ta høgde for dette då sjølvkostfondet skal gå i null i løpet av ei femårsperiode. Åra framover er basert på prognosar ut frå planlagt aktivitet.

Politisk prioritering av investeringar, faktisk pris på gjennomførte prosjekt vil som vere avgjerande for gebyrutviklinga. Avgiftene i heile landet vil auke i åra som kjem. Myndigheitene har sterkt fokus på rein og sikker vassforsyning, samt avløpssystem som ivaretek miljøet. Vatn og avløp er grunnlagsinvesteringar for god folkehelse. Vi har eit ansvar overfor innbyggjarane, og eit ekstra stort ansvar knytt til institusjonane, sjukehuset og omsorgssenter.

Kvifor har grunnlaget/bruksarealet endra seg?

Volda kommune har gjort ei digital måling for å oppdatere det offentlige registeret for eigedomar og bygg i kommunen (matrikkelen/GAB-registeret).

Dette var gjort som eit ledd i å kvalitetssikre grunnlaget for vatn og avløp.

Grunnlaget for bygningsmassen i "gamle" Volda var ikkje oppdatert og mykje var feil i registeret. I tillegg mangla kommunen opplysningar for mange av bygningane i den nye kommunen. 

Automatisert berekning av grunnlag/bruksareal

Arealet er berekna ut frå nye 3D-kart og ved hjelp av avanserte algoritmar med fleire automatiserte berekningar. Desse er igjen kvalitetssikra av manuelle stikkprøver. 

Ved automatiserte prosessar kan det oppstå feil. Vi ynsker at arealgrunnlaget skal vere så rett som mogleg. 

Dersom du meiner at grunnlaget for bustaden din er feil, du kan registrere eiga berekning og sende inn til kommunen. Berekning av bruksareal skal skje etter standard NS3940 og kommunen vil kvalitetsikre data før grunnlaget vert retta i avgiftsregisteret.

Her er skjema for registrering av korrigert bruksareal.

Slik reknar du ut bruksarealet (BRA):

Klikk for stort bilete 

Korleis reknar eg ut bruksarealet (BRA)?

Klikk for stort bilete 

Kvifor vil avgiftene auke i 2024?

Dette skuldast at fleire prosjekt er planlagt gjennomført. Då vil kapitalkostnadane auke. Ein kan ikkje allereie no ta høgde for dette då sjølvkostfondet skal gå i null i løpet av ei femårsperiode. Åra framover er basert på prognosar ut frå planlagt aktivitet.

Politisk prioritering av investeringar, faktisk pris på gjennomførte prosjekt vil som vere avgjerande for gebyrutviklinga. Avgiftene i heile landet vil auke i åra som kjem. Myndigheitene har sterkt fokus på rein og sikker vassforsyning, samt avløpssystem som ivaretek miljøet. Vatn og avløp er grunnlagsinvesteringar for god folkehelse. Vi har eit ansvar overfor innbyggjarane, og eit ekstra stort ansvar knytt til institusjonane, sjukehuset og omsorgssenter.

Har du fått registrert feil bruksareal (BRA)?

 

Dersom du meiner at grunnlaget for gebyrutrekninga er feil, du kan registrere eiga berekning og sende inn til kommunen. Berekning av bruksareal skal skje etter standard NS3940 og kommunen vil kvalitetsikre data før grunnlaget vert retta i avgiftsregisteret.

Kvifor får vi ikkje månadleg faktura?

System for utsending av månadleg fakturering er snart klart. Det vil seie at dei som ynskjer det, kan snart få tilsendt faktura ein gong i månaden i staden for halvårleg. 

Volda kommune kjem tilbake med meir informasjon om dette når løysinga er på plass. Vi har ikkje svar på om alle blir fakturert månadleg eller om ein må be om det. 

 

Kva tid er forfallsdato?

Forfall på utsendt faktura er sett til 31.05.2020. Neste halvårlege faktura har forfall 30. november. Dette er nedfelt i gebyrregulativet for vatn og avløp.

Når system for månadleg fakturering er på plass vil dette blir tilpassa. 

Kva kan eg gjere om eg ikkje klarer å betale gebyret?

 

Dersom du ikkje klarer å betale gebyret kan du be om å få betalingsutsetjing eller betalingsavtale, 

Ved behov for betalingsutsetjing og/eller betalingsavtale på kommunale krav, ta kontakt med økonomiavdelinga Volda kommune på tlf 70 05 87 32 eller send e-post til innfordring@volda.kommune.no

Vert det renter og gebyr på utsette betalingar?

Dei som avtaler betalingsutsetting på eit krav må betale forseinkingsrenter frå ordinært forfall til betaling skjer. Dersom  betalingsavtalen vert broten, vil purregebyr bli tillagt ved utsending av varsel.

Statlege krav

Når det gjeld utsetjing av statlege krav finn du informasjon her: https://www.skatteetaten.no/tiltakspakker/

 

 

Link til lokale forskrifter for Volda kommune.

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Telefon 70 05 87 40