Informasjon om innemiljøundersøking ved Volda ungdomsskule

Klikk for stort bileteVolda ungdomsskule har fått spørsmål/klager på innemiljøet ved skulen. Fleire elevar har helseplager der det vert stilt spørsmålsteikn ved om det kan knytast til innemiljøet.

Volda kommune har på bakgrunn av desse meldingane sett i verk undersøkingar av innemiljøet. Det vart gjennomført ei inneklimaundersøking i september/oktober 2018 der ni klasserom vart undersøkte. Resultatet av desse målingane var tilfredsstillande.

I januar 2019 vart det gjennomført meir omfattande undersøkingar av to klasserom ved skulen der luftkvalitet, temperatur og fukt vart målt. Resultatet av desse målingane var tilfredsstillande.

Etter at skulen fekk melding om at ein elev har fått utslag på mugg på ein allergitest, har Volda kommune søkt bistand frå Stamina Helse om vidare utgreiingar av innemiljøet ved skulen. 

Dei råda Stamina helse har gitt vert følgde, og det vil i nær framtid vert gjort undersøkingar for å  måle eventuell oppvekst av mugg/sopp ved skulen som ikkje er synleg.

Målingane vil gi grunnlag for å gjere vurderingar om det er høg, moderat eller låg risiko for inneklimatiske plager. 

Resultata av Stamina Helse sine undersøkingar vil avgjere om det er behov for særskilde tiltak ved skulen.

Kommuneoverlegen vil på bakgrunn av resultata gjere dei helsefaglege vurderingane kring dette.

Skulen kjem attende med nærare informasjon når resultata av dei siste målingane ligg føre.