Informasjon om opning av skulane og SFO

Klikk for stort bileteGrunnskulane og SFO opnar måndag 27.april for 1.-4. klasse.

Grunnskulane og SFO opnar måndag 27.04 for 1.-4. klasse. Born treng å gå i barnehage og på skule, og vi er glade for at vi no i første omgang kan ønske 1.-4. klassingane velkomne tilbake til skulen, læraren og medelevane. For elevane i 5.-10. klasse held vi fram same tilbodet dei har hatt dei siste vekene, men vi byrjar å bu oss på at dei også skal attende til skulen.

Både foreldre og tilsette skal ha ein stor takk for den innsatsen som er lagt ned dei siste veke for at elevane har hatt eit godt tilbod frå skulen gjennom digitale verkty, støtta opp av dei vaksne heime.

Etter at rettleiaren for skule og SFO kom måndag, er det lagt ned eit svært godt arbeid på skulane i samarbeid med eigedomsavdelinga og reinhaldstenesta. Dei tilsette har sett seg godt inn i rettleiaren og krava som er sette for opning. Elevane er delte inn i faste grupper, det er utarbeidd rutinar for levering og henting og det vert lagt opp til ei vesentleg forsterking av reinhaldet.

At skulane no opnar tyder ikkje at skuledagane blir heilt som før. Vi må øve inn gode hygiene- og reinhaldsrutinar, og det store klasseromet ute vil bli meir brukt enn før. Gruppene må også halde avstand til kvarandre i friminutt. Det er viktig at dei vaksne heime snakkar med borna sine og hjelper dei å forstå kvifor det er nye rutinar og at tiltaka er viktige. På same tid skal fortelje borna at det er trygt og godt å kome attende til skulen.

Vi har 7 kommunale skular som opnar måndag, og lokale tilhøve gjer at meir detaljerte rutinar og ordningar ikkje er heilt like skulane i mellom. Informasjon om kva som gjeld for den enkelte skule vil foreldra få frå sin skule.

Opningstider

Skulane vil ha starttid kl 08.00 og sluttid 16.00. Det tyder at SFO har noko redusert opningstid, og det har vi funne naudsynt for å stette krava til smittevern. Den første tida vert elevane bedne om å ta med matpakke også til SFO.

Tilsyn for elevar med foreldre i samfunnskritiske funksjonar

Elevar der begge foreldra har samfunnskritisk funksjon, vil få tilbod om tilsyn utover desse tidene. Viss det ikkje strengt teke er naudsynt, vert det oppmoda om å halde seg innan opningstida.

Skuleskyss

Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyssen. Dei har meldt til oss at dei er godt kjende med smittevernrettleiaren, og kva den seier om skuleskyss. Dei har materiell til å sikre ein forsvarleg skyss.

Samstundes blir det oppmoda om minst mogeleg bruk av offentlege transportmiddel, så foreldre som har høve til å skysse eigne barn vert oppmoda om å gjere det.

Personell

Etter at barnehagane og no skulane er opne, er vi svært sårbare for fråvære mellom våre tilsette. Det krev mykje personell å halde fast på dei stramme gruppeinndelingane, og det er i liten grad mogeleg å bruke personalet fleksibelt. Vi kjem difor ut med annonse der vi lyser etter vikarar som kan vere tilgjengeleg både i barnehage og skule. Vi håper mange melder seg der, slik at vi har ein reserve å setje inn ved behov framover.

Vi vil trenge at dugnadsånda framleis held seg oppe. Skal vi få til dette på ein god og trygg måte, treng vi eit godt samarbeid med foreldregruppa. For elevane er det mange nye rutinar som skal innarbeidast, og slik det er til vanleg skal vi få til dette i godt samarbeid mellom skule og heim.

Det tilbodet vi no set i gong vil bli evaluert etter ei tid, slik at vi kan justere og endre på det vi finn naudsynt. Det viktigaste no er ein god og kontrollert start som alle kjenner seg trygge på.

Vi ynskjer alle elevar og tilsette lykke til med oppstarten måndag.

INFORMASJON TIL FORELDRE MED BARN I SKULEN (PDF, 182 kB)

Her kan du lese heile pressemeldinga 24.04.20 (PDF, 313 kB)