Informasjon om vatn og avløp

Klikk for stort bileteVolda kommune synest det er viktig med engasjement rundt forskrift for vatn og avløp i «nye» Volda. Her er nyttig informasjon om framtidige gebyr, korleis dette vert handsama og kva du som brukar kan forvente framover.

I løpet av juli vart det arrangert eit ope møte der det vart gjort ei orientering om ny forskrift for vatn og avløp (VA) i Volda kommune.

Volda kommune beklagar at møtet vart heldt midt i fellesferien og ser at det var eit uheldig tidspunkt at forskrifta blei sendt ut på høyring i ferien. Årsaka til dette er tidsfristane til eksterne aktørar i samband med kommunesamanslåinga.

Vi vil arrangere eit nytt ope møte i løpet av september, men dato er førebels ikkje avklart. På dette møtet vil vi gå djupare inn i dei tekniske detaljane overfor entreprenørar og utbyggarar, men møtet vil vere ope for alle der ein kan få svar på spørsmål som de lurer på.  

Du kan også framleis sende innspel per e-post til postmottak@volda.kommune.no.

Kan ein forvente auke i gebyr for vatn og avløp?

Administrasjonen vil utarbeide forslag til nye gebyrsatsar for å oppretthalde ei forsvarleg og sikker vassforsyning for innbyggarane, men det er til sjuande og sist opp til politikarane å vedta investeringstakt og dei nye gebyrsatsane. Investeringstakta vil vere styrande for utviklinga i gebyra.

Oversikta i gebyrutvikling som låg ved høyringsdokumenta er ikkje vedteken, og er berre ei oversikt over kva utviklinga ville verte dersom ein gjennomførte alle investeringane som ein fagleg sett har vurdert som nødvendige å løyse framover.

Det er mange kommunar i Noreg som vil få auke i gebyra for vatn og avløp i åra framover. Dette er ikkje unikt for Volda kommune.

Meir ekstremver og endring i klimaet skaper også utordringar for den kommunale vass- og avløpsinfrastrukturen.

Volda kommune skal finne gode, robuste og kostnadseffektive løysingar slik at gebyra vert så låge som mogleg. Det er likevel klart at ein må gjere ei rekkje tiltak på leidningsnettet og på vassverka i åra som kjem.

Dette for å sikre at ein fortsatt har ei forsvarleg og sikker vassforsyning for innbyggarane. Vatn og avløp er viktig for folkehelsa til innbyggjarane.

Investeringsnivået og gebyrsatsar skal handsamast i samband med budsjettet for det enkelte år framover.

Korleis vert vatn og avløp finansiert?

Vatn og avløp er i dag 100 prosent sjølvkost i Volda.

Det betyr at dei gebyra som kommunen krev inn for vatn og avløp frå innbyggjarane, berre kan nyttast til å drifte og vedlikehalde denne tenesta.

Kommunen kan subsidiere gebyra, men då må ein finne inndekning i budsjettet på andre måtar.

Kva oppgraderingar trengs?

Hovudleidningane i Volda sentrum tek til å verte svært gamle og er modne for utskifting. Vidare må vassverka kunne tilfredsstille Mattilsynet sine krav for å verte godkjende.

Det er ein risiko for at Volda kommune må oppgradere alle dei 9 andre vassverka som kommunen driftar.

Dette er det teke høgde for i hovudplanen og økonomiplanen.

Kan fakturering delast inn i fleire terminar?

Når det gjeld månadleg fakturering, har dette dessverre ikkje vore mogleg med dagens faktureringssystem. Vi spelar inn behov til dataleverandørane våre for å få betre brukartilpassa løysingar.

Dette er no i utvikling og vi tek sikte på å få til betre løysing i løpet av dei neste åra. Vi set pris på innspel.

Vi utviklar tenestene våre best i dialog med innbyggjarane og ein vil arbeide vidare med dette framover.

Kontakt

Lars Fjærvold
E-post
Mobil 908 63 846