Invitasjon til orienteringsmøte

Det vert starta opp med graving i innste del av Myravegen rett etter Påske, i veke 17-18.

Klikk for stort bilete

Dette gjeld frå og med krysset ved Rotsetgeila, og sørover til parkeringa ved Leirshaugen.

I samband med det, vert  berørte bebuarar i området, samt andre, inviterte til ei lita orientering.

Stad: Rotset Barnehage, onsdag 24. april kl. 17.00.

Der vert det representantar frå kommuna og entrepenøren (Volda Maskin).

Før Jul, vart det også gravd i vegen, ei smal grøft på nedsida. No vert det ei mykje meir omfattande graving, då det er VA (Vatn og Avløp), som skal skiftast og oppgraderast. Vegen kan verte stengt i kortare perioder.

Det er beregna at arbeidet vil ta ca. 5 månader og vil vere ferdig i løpet av september.

Kontakt

Terje Sunde
ingeniør/prosjektleiar
E-post
Mobil 952 33 820