Kan du tenke deg å vere besøksheim?

Klikk for stort bileteBarnevernstenesta søker besøksheim i Ulsteinvik eller omegn, for ei jente på 11 år, ei helg i månaden. Det kan gjerne vere eigne barn i besøksheimen.

 

Jenta er aktiv, likar å lage mat, og å vere saman med jamaldra.

Dersom nokon kan tenke seg å vere besøksheim, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste, på telefon 70 05 87 00 / 402 30 712, adr. Stormyra 2, 6100 Volda.

Besøksheim:

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.