Kan el-innebandy vere noko for deg?

Klikk for stort bileteØrsta IL inviterer både barn, ungdom og vaksne med rørslehemjingar til gratis prøvedag!

Denne våren planleggjer Ørsta IL, i samarbeid med Midt-Norge Bandyregion, å starte opp med el-innebandytreningar i den nye Ørstahallen.

Allereie søndag 3. mars frå klokka 14.00-16.00 blir det arrangert ein gratis prøvedag for dei som er nysgjerrige på dette tilbodet.

Dette er ein lagidrett som er fylt med mykje fart, spenning, utfordringar og moro, og det er lett å meistre allereie etter få treningar.

El-innebandy passar for både born, ungdom og vaksne med store eller mindre rørslehemjingar.

Her finn du meir informasjon om prøvedagen.