Kloring av drikkevatnet ved Volda vassverk

I 2019 vart det investert i eit nytt kloranlegg ved Volda vassverk. Dette anlegget er no kjørt inn og klart til bruk. Som eit testprosjekt skal ein no klore vatnet gjennom hausten, i fyste omgang ut oktober. Klormengda ein nyttar er so liten at dette ikkje skal merkast på vatnet i springen.

Vatn - Klikk for stort bilete 

Korleis reinsar ein vatnet i Volda i dag?

Ved Volda vassverk nyttar ein dag UV-lys til å reinse drikkevatnet. Etter at det vart installert nye UVear ved vassverket for fleire år sida har ein ikkje opplevd at ein får farlege bakteriar i drikkevatnet. Å ha berre eit trinn med reinsing er likevel sårbart og drikkevassforskrifta setter krav til to uavhengige barrierar, altså to ulike typar/steg med reinsing av vatnet. Ved å nytte klor og UV vil ein nå dette kravet og ein aukar tryggleiken på vatnet.

 

Kvifor klorer vi vatnet no?

Volda kommune er inne i ein prosess med å etablere reservevassforsyning og bygge nytt vassverk for Volda tettstad. Om dette prosjektet vert vellykka vil ein i framtida kunne nytte klor som reinsing av vatnet i Volda. Dette vil være svært godt nytt for abonnentane då kloring av vatnet er eit billig og enkelt tiltak for å nå krava i drikkevassforskrifta. Investeringsbehovet ved Volda vassverk vil bli betydeleg mindre enn om ein må inn med større og meir kompliserte reinseprosessar. Det er med andre ord ein spanande haust vi går inn i på vassfronten. Hausten er også ein tid kor det er fleire bakteriar i råvatnet (vatn som ikkje er reinsa). Hausten er difor ein god periode og teste eit slikt anlegg på.

 

Kvifor har ein ikkje nytta klor før?

Tidligare har ein ikkje ynskja å klore vatnet i Volda då dette har ført til smak på vatnet. Dette har skuldast at ein tidligare ikkje har hatt utstyr som regulera klormengda ein nytta automatisk. Dette har ført til at ein får meir klor ut på leidningsnettet enn det som er naudsynt for å reinse vatnet. Det har ikkje vært skadelege mengder, men klor reagera med humus(belegg på leidningsnettet) og ein kan då skape ei myraktig smak på vatnet. Det nye anlegget justera mengda klor, slik at det ikkje skal være klor igjen i vatnet når vatnet når deg som abonnent.

 

Kva gjer eg om eg merker smak på vatnet?

Det er ikkje farleg å drikke vatnet i Volda sjølv om det skulle vise seg at ein får smak på vatnet. Om du mot formodning skulle oppleve at vatnet i springen får ein annan smak enn tidligare kan du rapportere dette inn til vatn og avløp ved å sende ein epost til lars.fjervold@volda.kommune.no Det er då viktig at du opplysa om følgjande:

  • Adresse
  • Namn
  • Når merka du fyste gong smaksforandringa?
  • Kva smaka vatnet før og no?