Kloring av vatn ved Volda vassverk vert avslutta

Vatn - Klikk for stort bileteVolda kommune har fått inn nok svar på prosjekt for å sjå effekten ved kloring av vatnet ved Volda vassverk.

Vatn og avløp starta eit prosjekt for å sjå effekten ved kloring av vatnet ved Volda vassverk. Det var planlagt å halde på ut oktober.

Det har vorte tatt fleire prøver og vi har nådd målsettinga med prosjektet. Vi ser det derfor ikkje som naudsynt å halde fram med behandlinga av vatn med klor ut oktober. Vi har fått dei svara vi var ute etter. Kloringa av vatnet vert difor avslutta frå og med i dag 16. september.