Kolonnekøyring i Rotsethorntunnelen i veke 42 og 43

Klikk for stort bileteInformasjon om vegarbeid i Rotsethorntunnelen i oktober. Staten Vegvesen Det blir planlagt arbeid på kveld og natt i Rotsethorntunnelen i to veker frå søndag 13. oktober.

PRESSEMELDING FRÅ STATENS VEGVESEN:

Arbeidet vil starte og slutte som tidlegare, med fri ferdsel mellom kl. 07.00 og 19.00 på kvardagane og etter kl. 07.00 på laurdagar. Søndagar startar arbeidet opp kl. 21.00.

- Vi seier oss leie for at det no blir ein ny periode med kolonnekøyring til faste tidspunkt på kveld og natt. Vi forstår at det er ei ekstrabelastning, og derfor har vi forsøkt å unngå dette så langt som mogleg dei siste vekene, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

- No ser vi derimot at det er nødvendig med ein ny periode med færre kolonnar for å sikre god framdrift og samtidig sikre arbeidstilhøva til dei som skal jobbe i tunnelen.

I Rotsethorntunnelen er det i hovudsak arbeid på kabelbru i taket over vegbana som no skal utførast.

- For å kome oss til her må vi opp med lift som står i vegbana, og som heile tida må flyttast på når det er trafikk gjennom tunnelen. Med kolonnar til faste tidspunkt blir det mindre avbrot i arbeidet, og ei betre framdrift vil redusere talet på netter med stengd tunnel. I tillegg må vi ta omsyn til sikkerheita til dei som jobbar og dei som ferdast i tunnelen. Det er den viktigaste prioriteringa, seier Stavseng.

Trafikkavvikling

I veke 42 og 43 (frå søndag 13. oktober til laurdag 26. oktober) vil Rotsethorntunnelen vere stengd med kolonnekøyring til faste tidspunkt på kveld og natt.

På kvardagane vil tunnelen vere stengd med kolonnekøyring mellom kl. 19 og 07. I helga er tunnelen open for fri ferdsel frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21.

Frå Volda

Mot Volda

19:20

19:40

20:20

20:40

21:20

21:40

22:20

22:40

00:20

00:40

02:10

02:30

04:30

04:50

05:45

06:05

06:30

06:45

 

Du kan lese meir om vegarbeidet på Statens Vegvesen si heimeside, eller følgje Facebook-sida Tunnelutbedring Møre og Romsdal, Statens vegvesen