Kommunen utvider digital innbyggardialog via helsenorge.no

Klikk for stort bileteVolda kommune utvidar tilbodet til også å gjelde helsetenester i heim ( heimesjukepleie) og ergoterapi. 

Foto: helsenorge.no

Volda kommune tok i bruk digital innbyggardialog hausten 2019 for tenestene praktisk bistand og matombering. No utvidar kommunen tilbodet til også å gjelde helsetenester i heim ( heimesjukepleie) og ergoterapi.

Innbyggardialogen skjer via helsenorge.no, og registrerte aktive brukarar (eller deira pårørande med fullmakt) kan kommunisere digitalt med kommunale helsetenester. Meldingane kjem direkte inn i elektronisk pasientjournal, og skal normalt bli bevart innan utgangen av neste yrkedag. 

På helsenorge.no fins det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege med meir). Melding og kalender for kommunale heimetenester via helsenorge.no gjer nettsida endå meir aktuell. Vi håper at innbyggarane i kommunen vil registrere seg som brukar på helsenorge.no og ta i bruk digital dialog med dei kommunale tenestene. I dagens situasjon med pandemi er slik dialog ein enkel og sikker måte å nå tenestene på.

All digital kommunikasjon med helsevesenet skjer trygt via helsenorge.no, og innbyggarane har ei god oversikt over spørsmål og svar. I kommunalt journalsystem vert dialogen journalført på aktuell tenestemottakar.

Meir utfyllande informasjon er å finne i oppdatert artikkel om saka frå februar 2020.

Kontakt

Finn-Preben Mathisen
IT-konsulent
E-post
Telefon 70 05 40 14
Mobil 909 84 925