Kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 er lagt ut til høyring

Klikk for stort bilete

Det vil bli arrangert opne orienteringsmøter rundt om i kommunen. Høringsfristen er 10.09.2019.

Formannskapet har i sak  73/19 den 11.06.2019 vedteke å fremje forslag til ny arealdel og legge planen ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med vedtak i sak 65/19 den 14.05.2019 og etter plan- og bygningsloven §§ 5-2 og 11-14. Arealdelen omfattar alt areal innanfor kommunen sine grenser, både land- og sjøareal, og vil vere eit overordna styringsdokument for Volda kommune dei komande åra. 

Planforslaget består av planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer, temakart, konsekvensanalyse og risiko- og sårbarhetsanalyse. Desse dokumenta vil vere tilgjengeleg på Servicekontoret på Rådhuset.

Det er i tillegg utarbeidd ei rekke andre dokument. Dokumenta er samla på denne sida.

I løpet av høyringsperioden(veke 34-36) vil det bli arrangert opne orienteringsmøte rundt om i kommunen. Det vert og halde opne kontordagar på Volda rådhus med høve til konkrete spørsmål om planforslaget. Informasjon om dette kjem seinare.

Frist for å kome med merknad til planforslaget er 10.09.2019.

Merknader skal vere skriftlege og skal sendast som brev eller epost til: 

Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller postmottak@volda.kommune.no.