Kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 vart lagt ut til høyring

Klikk for stort bilete

Det vart arrangert opne orienteringsmøter rundt om i kommunen.

Formannskapet vedtok i sak 73/19 den 11.06.2019 å fremje forslag til ny arealdel og legge planen ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med vedtak i sak 65/19 den 14.05.2019 og etter plan- og bygningsloven §§ 5-2 og 11-14. Arealdelen omfattar alt areal innanfor kommunen sine grenser, både land- og sjøareal, og vil vere eit overordna styringsdokument for Volda kommune dei komande åra. 

Planforslaget består av planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer, temakart, konsekvensanalyse og risiko- og sårbarhetsanalyse. Desse dokumenta er tilgjengeleg på Servicekontoret på Rådhuset.

Det er i tillegg utarbeidd ei rekke andre dokument. Dokumenta er samla på denne sida.

I løpet av høyringsperioden vart det arrangert opne orienteringsmøte rundt om i kommunen. 

Frist for å kome med merknad til planforslaget gjekk ut 10.09.2019.