Kontrakt om utarbeiding av kommunedelplan for kryssing av Voldsfjorden

Klikk for stort bilete

Volda kommune har inngått kontrakt om utarbeiding av kommunedelplan for kryssing av Voldsfjorden.

Volda kommune signerte i førre veke kontrakt med Multiconsult om utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU) for kryssing av Voldsfjorden. Dette er det første plansteget mot ei framtidig realisering av bru for å erstatte dagens ferje mellom Volda-Folkestad.

Utlysing av planarbeidet vart gjort i oktober 2019. Tilboda som kom inn vart evaluert i vinter, men saka om tildeling har ved fleire høve vorte utsett i kommunestyret. 28. mai vart planarbeidet finansiert av kommunestyret med ei løyving på inn til 2,3 millionar kr. Arbeidet som no skal gjerast er todelt. I første fase skal det utførast ei konsekvensutgreiing for dei to alternativa til fjordkryssing (Andaneset-Folkestad og Greifsneset-Krumsvikneset). I denne fasen skal det gjerast ei rekkje faglege vurderingar på konsekvensar tiltaket har for dei to alternativa. Døme på tema som skal vurderast er naturmangfald, landskap, busetnad og transportmønster for å nemne nokre. Utgreiinga skal gi kommunen eit fagleg råd for val av trasé for fjordkryssinga. Val av trasé gjerast deretter politisk før ein startar opp fase to med utarbeiding av sjølve kommunedelplanen for valt alternativ. Planforslaget skal handsamast politisk og leggjast ut til offentleg ettersyn. Multiconsult startar arbeidet for fullt etter sommarferien. Arbeidet er venta å ta om lag eitt år.