Koordinerande eining i nytt lokale

Klikk for stort bileteKoordinerande eining, ved Malene Rovde, vert å finne på Helsetasjonen frå 15. januar 2020.Frå 15.01.2020 vil koordinerande eining halde til på helsestasjonen, som er lokalisert i kjellaren på rådhuset.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar eller brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.

Koordinerande eining har det overordna ansvaret for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator, jf helse- og omsorgstenestelova § 7-3.

Koordinerande eining er organisert under forvaltningskontoret i helse- og omsorg og det er Malene Rovde som har denne funksjonen.

Frå 15.01.2020 vil koordinerande eining vere lokalisert på helsestasjonen og du kan ta kontakt på tlf 99011980 eller e-post: malene.rovde@volda.kommune.no.

Dagar du primært kan treffe koordinerande eining er onsdagar og fredagar.

Kontakt

Malene Rovde
Forvaltningskontoret
E-post