Koronavaksineringa startar opp i veke 1

Klikk for stort bilete fhi.no

Onsdag 6. januar mottek Volda kommune første vaksinene og er klar for oppstart.

Volda kommune følgjer dei nasjonale prioriteringane, og vil gjere justeringar på planane vi har om dei nasjonale prioriteringane endrar seg.

Tilrådinga frå nasjonalt hald er no at vaksinene første veka skal gå til sjukeheimsbebuarar. Frå og med neste veke skal 20% av vaksinene gå til kritisk helsepersonell.

Volda kommune får 6. januar 40 vaksiner som går til sjukeheimsbebuarar ved Volda omsorgssenter.

Neste veke får vi 25 vaksiner. 5 av desse går til kritisk helsepersonell som er viktige om smitten aukar. 20 vaksiner går til sjukeheimen i Hornindal.

I påfølgande veke vil vi halde fram med vaksinering på Volda omsorgssenter til alle sjukeheimsbebuarar blir vaksinert. Deretter vil bebuarar i heildøgns omsorgsbustadar få vaksine. Det er per i dag ikkje klart kor mange vaksiner vi får frå og med veke 3.

Når det nærmar seg at vi får vaksinere aldersgruppa heimebuande over 85 år, vil vi kome med informasjon om korleis innbyggjarane skal kunne bestille seg time til vaksinering. Vi håpar vaksineringa av desse kan starte i månadskifte januar/februar.

Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol er veldig glad for at vi no kjem i gang med vaksinering i Volda kommune, og ho har god tru på at vi i kommunen skal klare å organisere vaksineringa på ein effektiv måte. Ho ser veldig fram til at vi har fått vaksinert så mange at det ikkje lenger er naudsynt med strenge smitteverntiltak.